Barne- og ungdomsforsikringa dekker både sjukdom og ulykke, og inneheld ei god uføreforsikring. Du kan teikne forsikringa frå barnet ditt har fylt tre månader og opp til 16 år. Vi anbefaler å søke om denne så tidleg som mogleg.
Best på det viktigaste
Frende er blant dei få som aukar utbetalinga av barnets viktigaste dekning kvart år.
Best i test
Frende si barne- og ungdomsforsikring er blant dei beste i Norge fleire år på rad.
Legetilgang inkludert
Med Eyr-appen har du legehjelp tilgjengeleg på mobilen når du treng det.
Kva dekker barne- og ungdomsforsikringa?
Alle kan bli ramma av ulykker og alvorleg sjukdom. Om noko skulle skje med barnet ditt, kan dette gi store økonomiske konsekvensar i framtida.
Barne- og ungdomsforsikringa dekker både ulykke og sjukdom, og varer ut året den som er forsikra fyller 26 år. Forsikringa går automatisk over til Uførepensjon og Livsforsikring 1. januar det året ein fyller 27 år.