Som 18-åring er du ansvarleg for din eigen økonomi og du bestemmer over pengane dine heilt sjølv. Dette medfører eit ansvar og vi anbefaler deg å ta i bruk tenestene under.

Bestill nytt bankkort

Når du er blitt 18 år er det Visa Classic som er det beste betalingskortet for deg. Det kortet du har no blir ikkje automatisk fornya, og derfor bør du få på plass det nye kortet så snart som råd.

Ta kontakt for å avslutte det gamle kortet ditt, når du har mottatt det nye kortet. Då unngår du å betale årleg kortavgift på begge korta.
Sjå meir og bestill bankkort

Opprett BankID

Om du ikkje har oppretta BankID, bør du gjere dette no. BankID er ein elektronisk legitimasjon som kan brukast til identifisering og signering.
Med BankID kan du logge inn i nettbanken og på ulike offentlege tenester som Skatteetaten, Altinn og Helsenorge.
Sjå meir og opprett BankID

Få råd frå ein som veit kva du treng

Vi har eit eige team som har ansvar for å følge opp dei unge kundane våre. Teamet består av økonomistudentar som har god kjennskap til situasjonen som ung.
Dei er tilgjengeleg for ein uformell og hyggeleg prat over telefon om alt du måtte lure på.
Avtal ein prat med oss