Mottar du nokre rekningar på eFaktura og nokre på papir i posten? Frå 15. mai 2022 skjer det ei endring og du må velge mellom å få alle rekningane på papir eller alle som eFaktura.
Dersom du framleis ønsker å motta eFaktura må du velje "Alltid eFaktura" i mobilbanken eller nettbanken, under Betaling og Betalingsavtalar. Dersom du ikkje aktiverer "Alltid eFaktura" vil du etter 15. mai 2022 få alle rekningane på papir.

Dette må du gjere som privatkunde

Sjekk om du allereie har aktivert "Alltid eFaktura". Dette gjer du i mobilbanken. Velg Betaling, og Betalingsavtalar i menyen og huk av for "Alltid eFaktura". Dersom denne allereie er huka av, treng du ikkje gjere noko. Du kan også velje å blokkere visse eFaktura-tilbydarar.

Dette må du gjere som bedriftskunde

Dersom du godkjenner eFaktura på vegne av bedrifta di i din private nettbank, er ikkje den nye ordninga med "Alltid eFaktura" tilpassa ei slik godkjenning. Når eFaktura blir sendt ut til mottakarar basert på "Alltid eFaktura"-samtykke, blir den berre sendt til den som er oppgitt som mottakar på eFakturaen. Når mottakar er eit selskap, kan eFakturaen difor ikkje sendast til privat nettbank. Alternativet vert då å sende EHF-fakturaer dersom de nyttar eit rekneskapsprogram. Eventuelt kan banken opprette AvtaleGiro for dykk. Bestill AvtaleGiro for mottakar her.