Skal du kjøpe eller selje bustad? Eller kanskje du treng refinansiering?

Vi har rådgjevarar og eigedomsmeklarar som kan hjelpe deg gjennom heile prosessen med å realisere bustaddraumen.

Finn eit bustadlån som passar for deg!

Folk har ulike behov når dei skal kjøpe bustad. Derfor tilbyr vi ulike bustadlån, slik at du får eit lån som passar for deg og økonomien din.
Under ser du dei ulike låna vi tilbyr. For å flytte eit eksisterande bustadlån, auke opp lånet, kva som må til for å få bustadlån, i tillegg til andre gode tips, har vi ei eiga side der du finn informasjon.
Les meir om bustadlån

Kva kan ein rådgjevar hjelpe deg med?

Som kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane har du enkel tilgang til eigen rådgjevar som er der når du treng gode råd om sparing, forsikring og lån til bustad. Ikkje nøl med å ta kontakt med rådgjevaren din om du treng hjelp til å planlegge ditt neste steg i bustadmarknaden.
Avtal møte med rådgjevaren din

Kjøpe eller selje bustad?

Det er mykje spenning, kjensler og forventningar rundt det å kjøpe eller selje bustad. Derfor ønsker eigedomsmeklarane våre at du skal få oppfølging gjennom heile prosessen, med ein god strategi for korleis du skal lukkast.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er den leiande meklaren i Sogn og Fjordane, og har filialar i Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid, Stryn og Bergen. Ta gjerne kontakt med ein av meklarane dersom du skal selje eller kjøpe bustad.
Finn ein meklar nær deg

– Eg er opptatt av å setje meg godt inn i situasjonen til kunden

Er du på jakt etter bustad, men litt usikker på korleis du skal gå fram? Då vil Emir Saracevic gjerne høyre frå deg!
Les meir

Skal du selje bustad ? Her får du 7 gode tips

Eigedomsmeklar Greta Halvorsen gir her sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustad.
Les meir