Kongleriket - banken til barna

Er du usikker på korleis du kan ta smarte økonomiske val for barna si framtid? I Kongleriket får barna lære om pengar og bank på sine premissar, og du som forelder får tilpassa og personleg rådgjeving på vegne av barnet.

Kongleriket er barneklubben til Sparebanken Sogn og Fjordane. Barn opp til 7 år blir automatisk medlem når du som forelder opprettar Sparekonto Start til barnet. I Kongleriket bur det mange kjekke dyr som barna kan bli kjent med. To av dei, Kåre Bjørn og Elin Ekorn, er plukka ut som maskotar. Desse to kan barna ofte møte ut på arrangement og ta bilete saman med.

Fordelar både til barn og vaksne

Klubbfordelane i Kongleriket er mange, ifølgje kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Solveig Holsen.
– Barna får ein hyggeleg alderstilpassa velkomstpakke i posten når dei blir medlem. I tillegg får dei automatisk 200 kroner inn på konto, seier Holsen.
Som medlem i Kongleriket får også foreldra god oppfølging gjennom personleg og tilpassa rådgjeving. Du vil blant anna få invitasjon til webinar med relevante tema rundt barn, familie og økonomi. Kva bør du for eksempel tenke når barnet skal få seg bankkort? Korleis sparer du smart til barnet? Kva forsikringar treng barnet?

Lære verdien av pengar

I Kongleriket får du som forelder svar på det du måtte ha av spørsmål, og barna lærer om pengar på sine premissar.
– Mange foreldre synast det er vanskeleg å lære barna om pengar når det berre er kort og vipps som gjeld. I tillegg er mange usikre på når og korleis dei bør opprette sparing og forsikring til barna.
Bankkort og andre digitale betalingsløysingar er kome for å bli, og forståinga av pengar blir ikkje betre av å sende myntar med barna når dei skal på butikken. Holsen meiner det er avgjerande at barna får ei tilpassa forståing av pengar og sparing tidleg i livet.

– Ta barna med i praten rundt bordet om pengar og gi dei ei forståing av kva eit beløp på kontoen betyr. Vi trur det er viktig å snakke med barna om pengar, kva ein har lyst på og snakke om vi har råd til det, eller om det kanskje er noko anna vi heller må bruke pengar på denne månaden. Vis dei litt i mobilbanken korleis beløpet går ned og opp, alt etter kva ein får inn på konto og kva ein bruker pengar på. Vi må lære dei at bankkortet faktisk kan gå tomt, seier Holsen.

Fordelar for liten og stor i Kongleriket

Eigen miljøagent og grøn utlånsgaranti

I tillegg til maskotane Elin Ekorn og Kåre Bjørn, kan barna også bli kjent med Sjiraffen Sverre Moses, Apen Albert, Lucy Lemen og Hjørdis Hjort som alle bur i Kongleriket.
Dyra i Kongleriket er svært opptekne av miljø og klima. Dei har derfor bestemt at pengane som går inn på Sparekonto Start, skal ha grøn utlånsgaranti. Det vil seie at desse pengane berre blir lånt ut til grøne og miljøvennlege formål. Kongleriket har også sin eigen miljøagent som heiter Brede Bre. Han kjem frå dei høge fjella, men måtte rømme då breen han budde i smelta. No bur han i kjøleskapet til Kåre Bjørn, og derifrå jobbar han aktivt for å lære medlemmane i Kongleriket om korleis du og eg kan ta smarte val for miljøet vårt. Blant anna er han opptatt av å fortelje kor viktig det er å prøve å handle brukt, når ein kan.
– Bra for kloden, og bra for kontoen, seier Brede Bre.
Bli med inn i Kongleriket