BankID er din personlege og elektroniske signatur. Du kan bruke BankID i alle norske nettbankar og på ei rekke offentlege tenester som Altinn, NAV og Skatteetaten. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur på papir.

Signaturen din på nett

BankID får du av banken din, og for å få BankID må du ha legitimert deg hos banken din. Når du bestiller deg BankID får du oppgradert kodebrikka du allereie har til nettbanken din, eller om du aldri har brukt nettbank før vil du få tilsendt ei kodebrikke i posten. Denne kan du bytte ut med eit digitalt alternativ som BankID på mobil eller BankID app.

Sikker bruk av BankID:

Ting folk lurer på

meirennbank.no om BankID

Alt du treng å vite om pålogging til nettbanken

Vi har laga ein serie med opplæringsvideoar som viser steg for steg korleis du bruker dei ulike påloggingsalternativa til nettbanken.

Les heile saka

BankID, BankID på mobil og mobilbank: Kan du forskjellen?

Med mange like namn i bankverda blir ein fort litt forvirra. Kva er eigentleg forskjellen på BankID, BankID på mobil og mobilbank? Her kjem ei oversikt over dei ulike omgrepa.

Les heile saka