Med små barn i hus dukkar nye spørsmål stadig opp. Vi hjelper deg med å få oversikt over kva som typisk påverkar økonomien din når eit barn er på veg, og vi følger deg og barnet ditt gjennom heile livet. Hos oss har du alltid ein personleg rådgjevar du kan snakke med dersom du treng råd.

0-7 år: Ein ny verdsborgar, kor starte?

  • Opprett barneforsikring så tidleg som mogleg.
  • Spar på bustadsparekonto eller i fond.
  • Opne sparekonto og bli automatisk medlem av Kongleriket, vårt magiske univers!

8-12 år: Lær økonomi med eige bankkort og mobilbank

  • Barnet er no gammalt nok til å få eige kort.
  • Med Mobilbank Ung kan også barnet sjølv ha oversikt over eigen bruk, i tillegg til at du som vaksen har sikkerheiten med beløpsgrenser på kortet.
  • Vipps - Her kan foreldre velge om dei vil godkjenne kvar overføring inntil barnet er 15.

For deg som er over 15

Veit du at når du er over 15 år og tener dine eigne pengar, så er du din eigen banksjef? Du kan sjølv bestille bankkort og mobilbank, utan at foreldra dine gjer det for deg. Men det er alltid lurt å snakke med mamma og pappa om kva som er best for deg, for dei har lang erfaring som sjef over eigen økonomi.

13-18 år: Barnet blir sjef i eige liv

  • Ungdommen kan ha eigen nett- og mobilbank.
  • BankID - Ungdommen er no gammal nok til å få eigen elektroniske ID. Denne blir nyttig når barnet får Vipps for vaksne, skal ta sertifikatet og får sin første jobb.
  • Ungdomskort.
  • Bustadsparekonto og BSU - Vent med BSU til ungdommen er 17 år og har skattbar inntekt!

Opplæring av unge på personleg økonomi

Vi i banken er heldige som får bidra med opplæring på personleg økonomi gjennom eit godt samarbeid med Ungt Entreprenørskap (UE) i Sogn og Fjordane. UE er eit viktig bindeledd mellom skule og næringsliv, og banktilsette er kvart år med på å undervise tusenvis av skuleelevar om personleg økonomi. Økonomi og karriereval vert gjennomført i ungdomsskulen og Sjef i eige liv på vidaregåande. Sjå sidene under for godt fagstoff som vert nytta i desse programma.