Utfasing av Telepay

ISO 20022 XML blir ny standard for betalingsfiler frå 1. oktober 2024. Etter denne datoen kan du ikkje bruke gamle filformat som Telepay og Nets Direkte Remittering.
Ta kontakt med leverandøren av rekneskapsprogrammet ditt for å sikre at du er over på rett filformat i god tid før 1. oktober.

Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket

Jordbruksoppgjeret er like rundt hjørnet, og i år er det store forventningar til lønsforhandlingane. Bransjeansvarleg Ørjan Skåden gir deg eit innblikk i landbruksbransjen sine utfordringar og moglegheiter i 2024.
Les heile saka

Ny støtteordning til bedrifter

Har de eit yrkesbygg som treng eit løft i energistandard? Eller ønsker de betre oversikt på energiforbruk?
No kan bedrifter søke om støtte frå Enova til energikartlegging og forbetering av energitilstand i yrkesbygg.
Les meir om støtteordningane

Fastrenteinnskot

Har bedrifta eit større beløp de ønsker å binde over ein bestemt periode?
Då kan fastrenteinnskot passe dykk. Renta i bindingstida blir ikkje påverka sjølv om renta i marknaden blir endra. Vi tilbyr gunstige rentevilkår på fastrenteinnskot i seks månader, eitt år og to år.
Les meir om fastrenteinnskot

Vi tek bransjane på alvor

Næringslivet består av mange ulike og komplekse bransjar, og derfor har vi valt å spisse kompetansen og oppfølginga vår av kvar enkelt bransje. Nedanfor finn du meir informasjon om dei ulike bransjeansvarlege i banken.