Bankgaranti gir kjøpar og seljar ein ekstra tryggleik ved at Sparebanken Sogn og Fjordane stiller som garantist for at innhaldet i kontrakta kjem til å bli oppfylt.
Vi tilbyr fleire ulike typar garantiar:
  • Betalingsgaranti garanterer overfor tredjepart at bedrifta di vil gjere opp for seg. Tredjepart kan t.d. vere leverandørar eller utleigar.
  • Kontraktsgaranti brukast ofte når bedrifta skal utføre arbeid for ein oppdragsgjevar, ofte innan bygg- og anleggsbransjen.
  • Transportløyvegaranti er ein garanti somme bedrifter er plikta å stille til Statens Vegvesen når dei får innvilga transportløyve.
Det finst også andre typar garantiar. Dersom du ikkje finn den du leitar etter i bestillingsskjemaet vårt, kan du velje "Andre" og spesifisere kva type garanti du ønsker.

Ting folk lurer på