Vi tilbyr fleire ulike kontanttenester for bedrifter. Fleire av kontora våre tilbyr kontanttenester. Dei fleste Joker-, Kiwi-, Meny- og Spar-butikkar tilbyr også kontanttenester i butikk. Dersom du treng vekslepengar, kan du bestille dette og hente dei i ditt nærmaste banklokale.

Slik fungerer kontanttenester i butikk

Sjå etter informasjonsskilt i nærbutikken din. Kassane som har denne tenesta skal vere merka. Du treng ikkje å handle noko for å ta ut eller sette inn pengar. Bruk bankkortet ditt og PIN-koden for å identifisere deg i bankterminalen i kassa, og pengane blir tatt ut eller sett inn på kontoen som kortet ditt er knytt til. Tenesta kan brukast av privatkundar, bedriftskundar, lag og organisasjonar.
Sjå aktuelle butikkar på bankaxept

Beløpsgrenser på kontanttenester i butikk

Du kan sette inn inntil 20.000 kr og ta ut inntil 9.900 per transaksjon. Totalt innskot på 30 dagar er maks 40.000 kr. Butikkane tek i mot inntil 25 einingar pr valør pr innskot. Det er ulike beløpsgrenser for uttak.
Sjå kva beløpsgrenser kortet ditt har

Har du ikkje kort?

For å ta i bruk kontanttenester i butikk må du ha eit kort knytt til kontoen du skal sette inn pengar på. Om du ikkje har dette, kan du raskt bestille det. Når avtaledokument er signert kan det ta opp til 10 dagar før du får kortet i posten.
Bestill bedriftskort

Nattsafe

Med avtale om nattsafe kan du levere kontantar når som helst på døgnet ved kontora våre som tilbyr dette. Kontakt oss for meir informasjon eller for å inngå avtale om Nattsafe.
Kontakt oss for meir informasjon om Nattsafe

Ting folk lurer på