Steinar - bransjeansvarleg for fiskeri og havbruk

Steinar Ryland har fiskeri og havbruk i ryggrada. Han er født og oppvaksen med fiskeri, no bur han og jobbar i eit miljø som er tett på fiskeri og oppdrett. Han har jobba 20 år i banken, og dei to siste åra har han vore bransjeansvarleg.

«Naturen svingar og det er alltid nye moglegheiter eller utfordringar. Det er ein veldig god driv innan fiske og havbruk for å bli betre og utvikle fiskerinæringa.»

Roger - bransjeansvarleg for fiskeri og havbruk

Som fiskarson veit Roger Svarstad kor fort det kan svinge frå høge toppar til djupe bølgjedalar i desse næringane. Han har jobba som bransjeansvarleg i banken i 18 år, og den praktiske erfaringa frå oppveksten har vore gull verdt.
«Dette er framtidsretta næringar som har fått mykje større fokus nasjonalt dei siste åra. Eg har ei stor interesse for bransjen, og det mest spennande er kundane; handlekraftige, frittalande og genuint opptatt av å skape lokale arbeidsplassar.»

Havbruk og berekraft

Havbruksbransjen er prega av mykje innovasjon og kan dra nytte av dette når dei skal møte utfordringar med meir ekstremvêr som følgje av klimaendringane.
Les meir om berekraft

Roger Svarstad

Måløy, Leiingassisterande banksjef bedrift481 67 064roger.svarstad@ssf.no

Steinar Ryland

Bremangerkunderådgjevar bedrift971 69 978steinar.ryland@ssf.no