Jo - Vår bransjeansvarlege for petroleumsretta industri

Jo Dale Pedersen er opptatt av å besøke kundane for å halde seg oppdatert på bransjen. Det er kundane som veit kor skoen trykker.
«Den største utfordringa no, utanom låge oljeprisar, er å sikre at kundane våre klarer å omstille seg til ei framtid med stadig større krav til å dokumentere berekraft i det dei gjer. Det er inngangsporten til nye kontraktar i bransjen.»

Petroleumsbransjen og berekraft

Klimaendringar og miljøkrav er ei utfordring for bransjen. Næringa er fossil, og bidrar på den måten til klimaendringar. Men på same tid er olje- og gass ein dominerande del av energiforsyninga og vil fortsette å vere det i åra framover.
Meir om petroleum og berekraft

Jo Dale Pedersen

Florø, Leiingbanksjef bedrift941 51 317jo.dale.pedersen@ssf.no