Med Eurocard firmakort har bedrifta full kontroll, og dei tilsette eit enkelt verktøy på jobbreiser.

Enklare kvardag for bedrifta

Eurocard firmakort forenklar den økonomiske kvardagen for bedrifta, heilt frå betaling til bokføring. Viss alle tilsette har same type firmakort, blir det lett å halde seg innanfor firmapolicy. I tillegg vil det å skrive reiserekningar gå nesten heilt av seg sjølv med overføring av transaksjonsdata til systemet bedrifta brukar for å føre reiserekningar.

Alle kjøp blir samla på éin månadleg faktura. For leiar er det smidig å godkjenne utlegga og administrere korta i det nettbaserte verktøyet, Eurocard Portal. Slik sparer alle verdifull tid. Bruk linkane nedanfor når du søker om Eurocard.

Eurocard

Priseksempel:
Nominell rente:19,80%
Effektiv rente:32,98%
Rentefriperiode inntil 15 dagar.
Lånebeløp: 15.000 kr o/12 mnd, Kostnad: 2.284, totalt: 17.284

Det finst tre typar Eurocard firmakort

Eurocard med firmaansvar

Faktura blir sendt til firmaet.
Med Eurocard firmakort og Eurocard-appen har den tilsette full kontroll over alle utlegg, faktura, saldo, PIN-kode og mykje meir. Ta bilete av kvitteringa og koble den til transaksjonen. Bedrifta får også tilgang til Eurocard Portal, det nettbaserte verktøyet som gir oversikt over alle firmakorta i bedrifta. Her er det lett å legge til eller fjerne kort, eller legge inn kjøpsgrense i korta.
Inkludert i Eurocard firmakort:
  • Ei god reiseforsikring når minst 50 % av reisekostnadane er betalt med kortet og reisa startar og sluttar i Norden.
  • Eurocard-appen – full kontroll i sanntid. Sjå saldo og faktura. Ta bilete av papirkvitteringane og koble dei til transaksjonen.
  • Ingen fast øvre kjøpsgrense
  • Tilgang til flyplasslounger i 7 europeiske land mot ei avgift
  • Tilgang til Eurocard Portal, eit nettbasert verktøy der du kan administrere bedrifta sine kort. Du kan bestille og avslutte kort og sette ei 30 dagars kjøpsgrense viss det er aktuelt.
  • Pris: kr 515,- per år per kort.
Kundar som fyller krava under kan søke om kort med firmaansvar:
  • Levert rekneskap for to år
  • Ingen anmerkningar (Bisnode)
  • Positiv eigenkapital og likviditet
Søk om Eurocard med firmaansvar

Eurocard privat ansvar

Med Eurocard firmakort og Eurocard-appen har den tilsette full kontroll over alle utlegg, faktura, saldo, PIN-kode og mykje meir. Ta bilete av kvitteringa og koble den til transaksjonen. Bedrifta får også tilgang til Eurocard Portal, det nettbaserte verktøyet som gir oversikt over alle firmakorta i bedrifta. Her er det lett å legge til eller fjerne kort, eller legge inn kjøpsgrense i korta.
Inkludert i Eurocard firmakort:
  • Ei god reiseforsikring når minst 50 % av reisekostnadane er betalt med kortet og reisa startar og sluttar i Norden.
  • Eurocard-appen – full kontroll i sanntid. Sjå saldo og faktura. Ta bilete av papirkvitteringane og koble dei til transaksjonen.
  • Ingen fast øvre kjøpsgrense
  • Tilgang til flyplasslounger i 7 europeiske land mot ei avgift
  • Tilgang til Eurocard Portal, eit nettbasert verktøy der du kan sjå bedrifta sine kort.
  • Pris: kr 595,- per år per kort.
Søk om Eurocard med privat ansvar

Eurocard virtuelt firmakort

Dei fleste bedrifter, både små og store, har behov for å gjere kjøp på nettet. Det kan vere annonsering på Google eller Facebook, abonnement, lisensar, flybillettar eller andre ting. Eit virtuelt kort fungerer akkurat som eit vanleg kort. Det virtuelle kortet blir aldri vekke og som med eit vanlig firmakort får de faktura éin gong i månaden som også kan sendast rett til bedrifta sitt økonomisystem. Det beste av alt er at dei ansatte slepp å legge ut med sitt eige firmakort eller privatkort, for deretter å skrive reiserekningar. Enkelt og tidsbesparande for alle.
Inkludert i Eurocard virtuelt firmakort (Eurocard Purchasing Account)
  • Ingen fast øvre kjøpsgrense
  • Gode betalingsvilkår og rentefri kreditt
  • Månadleg faktura
  • Pris: kr 500,- per år per kort med 10 betalingsdagar, kr. 750,- per år per kort med 20 betalingsdagar
Søk om Eurocard virtuelt firmakort

Ting folk lurer på