Vi tilbyr to ulike næringslån tilpassa deg og di bedrift. Du kan velje eit vanleg næringslån for større og mindre investeringar innan eksempelvis maskiner, fartøy, fiskekvotar. Ønsker du å gjere berekraftige investeringar, kan du søke om Grønt næringslån.

Næringslån tilpassa deg og di bedrift

Avdragstid og -profil, rentesats og andre vilkår er avhengig av bedrifta si betalingsevne, samt verdien av pantetrygda som kan stillast. Du kan også bruke næringslån ved kortsiktige finansieringsbehov, der kassekreditt av ulike årsaker ikkje er eigna.

Fast eller flytande rente?

Renta på lånet blir regulert i takt med den generelle utviklinga i rentemarknaden, eller du kan velje å binde den for ein periode.

Byggelån

Byggelån er ein rammekreditt som du bruker gradvis etterkvart som du betaler for oppføring av eit nybygg.
Etter at byggeperioden er over, må du innfri kreditten eller konvertere den til eit langsiktig lån.

Har du høyrt om Vekstgarantiordninga?

Vi er ein av totalt 14 bankar i Norge som er utplukka av Innovasjon Norge til å tilby vekstgarantilån. Ordninga skal styrke tilgangen til bankfinansiering for innovative eller raskt veksande små og mellomstore bedrifter. Vekstgaranti er ei supplerande sikkerheit når bedrifta vert vurdert til å ha beteningsevne, men ikkje kan stille nødvendig sikkerheit for bankfinansiering. Du kan lese meir om ordninga på Innovasjon Norge sine heimesider.
Kan dette vere noko for di bedrift? Ta kontakt med kunderådgjevaren for bedrifta di, eller våre kontaktpersonar for vekstgarantiordninga:

Jo Dale Pedersen

Florø, Leiingbanksjef bedrift941 51 317jo.dale.pedersen@ssf.no

Preben Njøsen Norevik

Førdekunderådgjevar bedrift976 44 873preben.norevik@ssf.no