Vipps i terminal

No kan du betale med Vipps i terminal med mobilen din - både iphone og Android. Skann QR-koden i terminalen, så er det gjort! Har du Visa-kort hos oss (Classic eller Debet) og er over 15 år, så er det berre å starte.
Sjå meir om Vipps i terminal

Vipps til barn og unge

Barn under 15 år kan få ein forenkla versjon av Vipps som de som foreldre styrer. Foreldre må godkjenne oppretting av profil og vil ha full kontroll på kven barnet kan sende og motta pengar frå.
Les meir om Vipps for barn

Slik opprettar du Vipps til barnet ditt:

1
Du som forelder går inn på Vipps-profilen din og velg «Legg til barn». Då hentar Vipps opplysningar om barnet i folkeregisteret.
2
Last ned Vipps på barnet sin mobil.
3
Dersom barnet er registrert med to foreldre i folkeregisteret, må begge godkjenne oppretting av profil til barnet.
4
Når den eine forelderen har oppretta profil til barnet, vil den andre forelderen få eit varsel på Vipps-appen sin som må godkjennast før barnet kan ta i bruk Vipps.

Ting folk lurer på