Vil du bytte bank?

Å bytte bank er enklare enn du trur. Vi hjelper deg gjerne med å skifte til banken vår, slik at det går så greit og raskt som mogeleg. Du kan også ordne det sjølv digitalt her.

Slik ordnar du alt sjølv:

  • Bli kunde og vel dei produkta du vil ta i bruk
  • Overfør pengane dine til den nye kontoen hos oss
  • Opprett AvtaleGiro og faste betalingsoppdrag. eFaktura blir normalt automatisk overført
  • Vent gjerne med å sei opp konto i din gamle bank, til du har fått nytt betalingskort frå oss, og lønn og andre innbetalingar er på plass på den nye kontoen hos oss
  • Hugs å melde frå til arbeidsgjevar eller den du får pengar frå om ditt nye kontonummer
  • Vil du låne må du først søke om dette.

Skal vi hjelpe deg med flyttinga?

Vil du ha hjelp til å avslutte eller flytte konto eller tenester frå den gamle banken din? Her kjem vi snart med eit eige skjema for bankbytte, men inntil vidare kan du kontakte Kundesenteret vårt og så hjelper dei deg.
Kontakt Kundesenter på epost Kundesenter@ssf.no eller tlf. 57 82 97 00.

Hugseliste ved bankbytte

Her har vi laga ei lita hugseliste til deg som kan vere nyttig å sjå gjennom. Til dømes Avtalegiro og faste betalingsoppdrag, faste innbetalingar til nytt kontonummer og utanlands betaling.