Hugseliste ved bankbytte

  • Opprett BankID hos oss. Du må vere legitimert hos oss med pass eller norsk ID-kort for å få bankID.
Avtalegiro og faste betalingsoppdrag
  • Legg alle faste betalingsoppdrag opp på nytt i den nye nettbanken - både avtalegiro, faste betalingar og faste trekk. eFaktura blir normalt sett automatisk overført.
  • Vent 3-4 dagar frå du avsluttar avtalegiro i gamal bank, før du opprettar dei på nytt nettbanken vår.
  • Det vil alltid ta litt tid (1-2 månader) før avtalegirotrekka kjem i gang frå ny konto.
  • Ikkje avslutt den gamle lønns-/brukskontoen din før du har fått ny nettbank, nye kort og fått pengane overført til den nye kontoen din.
  • Hugs å endre kortnummer på faste strøymeabonnement, Vipps og andre betalingsordningar.
Innbetalingar til nytt kontonummer
  • Meld frå om det nye kontonummeret ditt skriftleg til arbeidsgjevaren din
  • Meld frå til alle andre du får pengar frå
  • Meld frå til Skatteetaten. Det gjer du skriftleg på epost til skattvest@skatteetaten.no, eller via nettstaden MinID. NAV hentar sine opplysningar frå Skatteetaten.
  • Er du student og får innbetalt studielån til kontoen din, må du melde frå til Statens Lånekasse.
Innbetalingar frå utlandet
Skal du få slike innbetalingar, må du informere avsendar om ny SWIFT og nytt IBAN. Ny IBAN finn du på kontoutskrifta di, eller du kan bruke IBAN-generator her.