Eg vurderer å kausjonere

Er du blant dei som vurderer å hjelpe barnet ditt inn på bustadmarknaden? I takt med dei stigande prisane har denne praksisen blitt langt meir vanleg. Det betyr ikkje at den er utan risiko for deg som kausjonerer, og du bør tenke gjennom om du er komfortabel med å hjelpe, og på kva måte.

Å vere kausjonist er ikkje for alle

Om du stiller som kausjonist, vil du personleg og økonomisk bli halden ansvarleg for den delen av lånet du har stilt garanti for, om låntakar ikkje kan betale. I praksis betyr det at om den du har kausjonert for ikkje betalar ned lånet etter avtala med banken, kan banken kreve pengane av deg i staden. Derfor bør du gjere ei ærleg og nøye vurdering av om denne type avtale egnar seg for deg og den du vurderer å kausjonere for.

Realkausjon

Ved realkausjon stiller du med sikkerheit i form av pant i fast eigedom; i eigen bustad, fritidsbustad eller tomt for ein anna person.

Medlåntakar

Vel du å stille som medlåntakar har du eit større juridisk ansvar enn som kausjonist. Som medlåntakar er du på lik linje med hovudlåntakar ansvarleg for å betene gjelda. Om det ikkje er tilfelle, risikerer du å bli nøydd til å selje bustaden din for å gjere opp med banken. Dette kan også ha konsekvensar for om du sjølv kan ta opp eit lån seinare. Med andre ord er dette ei løysing som berre bør vurderast i dei tilfella som egnar seg for dette ansvaret.

Ting folk lurer på