Dersom du drøymer om å kjøpe din eigen bustad, er BSU den beste spareforma for deg under 34 år. Du kan spare inntil 27 500 kr årleg og få 2 750 kr i skattefrådrag.
Gode grunnar til å velje BSU
- Du kan spare til og med ut året du fyller 33 år.
- Du kan spare inntil 27 500 kr i året.
- For skatteåret 2023 får du 10 % skattefrådrag på det du set inn - inntil 2 750 kroner på det du sparar i løpet av året.
- Du kan spare inntil 300 000 kroner direkte til bustadføremål på BSU.
- Du får den beste sparerenta vår, og beheld den til du fyller 35 år.
- Du kan bruke pengane til å kjøpe bustad eller til å betale ned bustadlånet ditt. Du kan også bruke pengane til oppgradering og vedlikehald av bustaden din.
- Det er enkelt å opprette BSU sjølv, og du får full kontroll over kva du har spart i både mobil- og nettbank.
Nye BSU-reglar frå 2023
Frå 2023 blir skattefrådraget halvert, det vil sei du får eit frådrag på 10 prosent av sparebeløpet på BSU. Det vil sei at du kun kan få 2750 kroner i skattefrådrag.
Verdt å vite om BSU
Eig du bustad, får du ikkje skattefrådrag - Det er berre du som ikkje eig eigen bustad som får skattefrådrag. Eig du eigen bustad kan du framleis spare i BSU til god rente, men får ikkje skattefrådraget.
Ikkje spar når du ikkje har inntekt! - For å få skattefordelane må du ha skattbar inntekt, og du kan ikkje få meir i frådrag enn du skattar.
Bruk av BSU konto - Når du først brukar BSU-kontoen kan du ikkje fortsette å spare.
Bruk av BSU konto - Når du først brukar BSU-kontoen kan du ikkje fortsette å spare.
Opprett BSU i dag - BSU-kontoen må vere oppretta før du kjøper bustad.