Drøymer du om eigen bustad? Då er BSU noko for deg. 25 000 kroner spart på eit år gir deg heile 5000 kroner tilbake på skatten. Du kan ikkje ha fleire BSU-kontoar - derfor er Bustadsparekonto eit godt alternativ dersom du vil spare meir enn 25 000 kroner i året til bustad.

Seks gode grunnar til å velje BSU

  • Du kan spare til og med ut året du fyller 33 år.
  • Du får 20 % skattefrådrag på det du set inn - inntil 5000 kroner kvart år.
  • Du kan spare inntil 300 000 kroner direkte til bustadføremål på BSU.
  • Du kan bruke pengane til å kjøpe bustad eller til å betale ned bustadlånet ditt.
  • Du får den beste sparerenta vår, og den gode renta beheld du til fylte 35 år.
  • Det er enkelt å opprette BSU sjølv, og du får full kontroll over kva du har spart i både mobil- og nettbank.

Verdt å vite om BSU

Ikkje spar når du ikkje har inntekt! - For å få skattefordelane må du ha skattbar inntekt, og du kan ikkje få meir i frådrag enn du skattar.
Ikkje ta ut pengane! - Pengane du har spart er låst til bustadføremål, og vel du å bruke pengane på noko anna, må du betale tilbake det du har fått i skattefrådrag den tida du sparte.
Opprett BSU i dag - BSU-kontoen må vere oppretta før du kjøper bustad.

BSU i anna bank?

Vi hjelper deg gjerne med å flytte den over til oss, og er alltid open for eit prat. Ring oss på telefon 57 82 97 00 for å kome i gang.

Ting folk lurer på