Derfor treng du barneforsikring

– For dei fleste er det sjølvsagt å forsikre dei materielle verdiane som bil, bunad og hus, men mange unnlet å forsikre det mest dyrebare vi har, nemleg barna våre, seier forsikringsrådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ina Matre Nedberge.
– Sjølv om vi ikkje likar å tenke på det, kan også barn bli ramma av ulykker og alvorleg sjukdom. Dersom noko skulle skje med barnet ditt, kan det få konsekvensar for resten av livet, seier Nedberge.
Ho peikar på at offentlege støtteordningar er gode, men at dei dessverre ikkje dekker alle utgiftene du kan få dersom barnet ditt blir utsett for alvorleg sjukdom eller en ulykke.
Bestill barne- og ungdomsforsikring

Sikrar både barnet og familien økonomisk

Kort fortalt skal ei barneforsikring gi økonomisk hjelp til familien på kort sikt, og økonomisk støtte til barnet på lang sikt.
– Blir barnet ditt alvorleg sjuk og innlagt på sjukehus, er sjansen stor for at mor eller far må vere mykje vekke frå jobb. Ei barneforsikring gir familien større fleksibilitet i sjukdomsperioden, fordi de får erstatning som kompenserer for deler av lønna de går glipp av, fortel Nedberge.
Forsikringa vil også hjelpe familien økonomisk om bustaden må byggast om, og vere med på å sikre barnet si økonomiske framtid om han eller ho blir skada eller for sjuk til å kunne jobbe fullt som vaksen.

Uførepensjon viktigast

– Grunnen til at det er så viktig at barneforsikringa har dekning for uførepensjon, er at den kan gi månadlege utbetalingar heilt til barnet er 67 år, fortel Nedberge.
Ho utdjupar: – Å forsikre inntekta allereie som barn kan verke rart, men dette kan utgjere ein enorm forskjell for barnet i vaksen alder. Får barn ein alvorleg sjukdom eller varig skade som hindrar dei å jobbe som vaksne, strekk ikkje den offentlege støtta til.
– Må du leve som minstepensjonist heile livet, har du ein stad mellom 247.000 og 300.000 å rutte med i året. Med ei slik inntekt fell nok mange framtidsdraumar i grus, seier Nedberge.
Barneforsikringa til Frende har ugradert uførepensjon. Det vil seie at du får full utbetaling sjølv om du ikkje er 100 prosent ufør. Frende er også eit av få selskap som regulerer opp utbetalinga på uførepensjonen etter at utbetalinga er påbegynt.
– Vi meiner det er heilt urimeleg at ein 20-åring som blir ufør skal få utbetalt den same summen 47 år seinare, når han eller ho blir 67. Derfor har vi auka utbetalinga dei siste fem åra, seier Ina Matre Nedberge.

Legehjelp inkludert i forsikringa

Uførepensjon i barneforsikringa er noko mange håpar dei slepp å nytte seg av, men barneforsikringa frå Frende tilbyr også rask legehjelp gjennom Eyr-appen, noko Nedberge trur mange småbarnsforeldre vil få bruk for jamt og ofte.

– Du kan gjennomføre timen direkte på mobilen eller nettbrettet. Mange legebesøk treng ikkje fysisk oppmøte eller fysisk behandling. Videotime er ofte tilstrekkeleg for å vurdere om barnet om sjukt eller ikkje, noko som er avgjerande for å vite om det kan gå i barnehagen eller på skulen, seier Nedberge.
Med Eyr-appen får barnet ditt:
  • Legetilgang inkludert i forsikringa
  • Hjelp 365 dagar i året
  • Lengre opningstid enn vanleg legekontor (kvardagar 08-22, helg 10-20)
  • 5-15 minutt ventetid på drop-in
  • Du kan også booke time til sjølvvalgt tidspunkt

Best i test

Barneforsikringane til ulike selskap kan vere ganske forskjellege og det kan følest komplisert å samanlikne dei.
Rådet frå Nedberge er å lese seg opp på ulike forbrukartestar. Der er barneforsikringa frå Frende fleire år på rad kåra blant Norges beste.
– Vi ser at barneforsikringa til Frende kjem veldig godt ut når det gjeld sjukdomsdekning og uførepensjon i desse testane, forklarer Nedberge.

To alternativ

Har du ei barneforsikring som automatisk held fram når barnet fyller 26 år, treng du ikkje tenke på om du er frisk nok til livsforsikring som vaksen. Barneforsikringa er med på å betre livskvaliteten til barnet og ungdommen heilt fram til pensjonsalder.
– I Frende tilbyr vi to versjonar av forsikringa; barneforsikring BRA og barneforsikring BEST. Vi anbefaler å velje BEST, då er ein veldig godt dekka. BRA er eit rimelegare alternativ med litt færre dekningsområde, og vi tilbyr denne fordi vi meiner litt forsikring er betre enn ingen forsikring, avsluttar Nedberge.
Bestill barne- og ungdomsforsikring