Har du ei hjartesak som du vil støtte, eller vil du at nokon utanfor den nærmeste familien din skal arve deg? Skal arven din fordelast på ein annan måte enn det arvelova krev, må du skrive testament. Er du sambuar, eller bur åleine utan livsarvingar, bør du og vurdere å opprette eit testament.

Korleis skrive testament

Du kan skrive testamentet sjølv, men då må du passe på at alle formkrav er oppfyllte. Det er blant anna krav til at testamentet skal vere skriftleg, underskrive av deg og to vitne. Sjå meir i arvelova her, kva reglar som gjeld.
På internett finn du fleire ulike standardmalar for testament som kan lastast ned, eller du kan få hjelp av ein advokat.

Framtidsfullmakt

Har du tenkt på kven som skal ta vare på dei personlege og økonomiske interessane dine om du ikkje klarer det sjølv lenger? Etablerer du ei framtidsfullmakt, avgjer du kven som skal ivareta dine interessar om du blir alvorleg sjuk i framtida. Det er meir fleksibelt enn offentleg vergemål.
Ei framtidsfullmakt gjer livet enklare for både den som blir sjuk, eller råka av ei ulykke, og for dei pårørande.