Huset ditt er kanskje det mest verdifulle du eig, og dersom det skulle skje noko med det bør du ha forsikring. Om banken har pant i det er du også lovpålagt å ha husforsikring.

Standard husforsikring

  • Bygningen er forsikra til gjenoppføringspris utan omsyn til opprinneleg forsikringssum, ei fullverdiforsikring som sikrar deg eit nytt hus
  • Forsikringa dekker plutseleg skade på bustad som følge av brann, eksplosjon og lynnedslag, vassinntrenging frå terreng, rørbrot, innbrot, brotskade på bygningsglass og sanitærporselen.
  • Naturskade
  • Rettsleg erstatningsansvar og rettshjelp.

Utvida husforsikring dekker i tillegg:

  • Skade som følge av vassinntrenging gjennom tak og vegg.
  • Meirkostnadar ved klimavennleg tiltak utover det som er påkrevd etter lov/forskrift ved gjenoppføring av fullverdiforsikra bustad, inntil kroner 50.000,-
  • Punktering av isolerglas inntil ein viss alder.
  • Følgeskade på andre rom etter vanninntrengning frå utett bad eller dusjrom.
  • Utgifter til tining av utvendige ledningar.
  • Følgeskade av handtverkarfeil som vert konstantert innan ti år med kr 10 000 000 kr samla for alle feil.

Tilleggsdekningar du kan ha bruk for

Vi tilbyr tilleggsdekningar som bygg under oppføring og hussopp. Når ein bygger bustad er det viktig å sjekke kva utbyggar har av forsikringar. Bygger du bustad eller organiserer byggeprosessen sjølv, anbefaler vi at du teiknar forsikring for bygg under oppføring.

Endringar på huset?

Hugs at det er kvadratmeter som tel når du teiknar forsikring. Har du bygd på huset, eller fått deg vinterhage? Hugs å melde inn endringar så også den nye delen vert forsikra.
Meld inn endring

Ting folk lurer på

meirennbank.no om forsikring

Slik kjøper du bustad. Her er forsikringane du bør ha

Les heile saka
Slik kjøper du bustad. Her er forsikringane du bør ha3. mai 2018
Slik sikrar du bustaden din mot innbrot19. januar 2016