Innbuforsikring er ei forsikring alle må ha, som beskyttar stort og smått du eig mot tjuveri og skade - både heime og ute i verda.
Innbu er alt du har i bustaden din som du kan ta med deg når du flyttar, til dømes møblar, TV, klede og sykkel.
I Frende kan du kjøpe innbuforsikring eller forsikring med uhellsdekning. Finn den som passer best for deg. Innbuforsikringa har ubegrensa innbusum, så slepp du å tenke over samla verdi på innbuet ditt.

Hjelp ved nettmisbruk

Inkludert i innbuforsikringa vår for hus – heilt utan ekstra kostnad.
Har nokon stole dei private bilda dine? Er familievideoane lekka på nettet? Blir barna dine mobba på sosiale medium? Frende hjelper deg å ta tilbake kontrollen.
Det er ein stor og tidkrevjande jobb å skulle ta opp kampen mot nettmisbruk sjølv. Derfor er vi her for deg. Vi sporar opp og fjernar materialet frå nettet, og du får ein personleg saksbehandlar.

Med innbuforsikring er du sikra ved ID-tjuveri

Mange nordmenn har fått identiteten sin stolen siste åra. ID-tjuveri er ubehageleg og tidkrevjande å rydde opp i. Har du innbuforsikring i Frende tar vi jobben for deg, utan ekstra kostnad.

Ting folk lurer på

meirennbank.no om forsikring

Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring

Nordmenn bruker gjerne 40 000 kroner på ein bunad, men droppar å forsikre den. Mange er ikkje klar over at innbu- eller reiseforsikring ofte ikkje dekker bunaden godt nok.

Les heile saka
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Tips for å unngå ID-tjuveri18. mai 2020