– Banken min bryr seg litt ekstra

Eivind Nordvik Hauge likar tydelege svar og effektiv oppfølging. Det får han med kunderådgjevaren sin, Torbjørn Orheim i Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Det viktigaste er å ha ein rådgjevar som kjenner meg, som eg kan stole på utan at eg slepp å forklare saka på nytt frå gong til gong. Torbjørn veit kva vi jobbar med, kva prosjekt vi har på gong og at vi har ting i orden. Det blir meir effektivt når han kjenner historikken godt, og då kjenner eg meg betre ivaretatt som kunde, seier Hauge.

God og relevant oppfølging

Eivind Nordvik Hauge er født og oppvaksen i Florø. Etter fleire år vekke som student flytta han tilbake til kystbyen i 2008. Han gifta seg med Margrete Larsen i 2018, og dei har to gutar på fire og seks år. No jobbar han på Fjordbasen med havbruk på land, medan kona er lege.
– Vi har samla alt i Sparebanken Sogn og Fjordane; lån, forsikring og sparing. Det er veldig greitt å ha alt på ein plass. Eg har vore kunde i banken så lenge eg kan hugse, og eg blir nok verande i lang tid framover, fortel Hauge.
Før han møtte kona si, kjøpte Hauge seg leilegheit åleine etter studiane. I tillegg har familien nyleg renovert eit hus, og Hauge fortel at Torbjørn og banken var til god hjelp i begge i tilfella.
– Å vite at Torbjørn berre er ein telefonsamtale unna, gjer at banken kjennest trygg. Eg ordnar det meste sjølv i nettbanken, men på litt større ting vil eg gjerne snakke med nokon, og då får eg raskt hjelp. Ofte går det ganske lang tid mellom kvar gong vi er i kontakt, og det er heilt fint. Torbjørn er ikkje for pågåande, men følgjer opp om det er noko som er relevant, og det likar eg, fortel Hauge.

Best på omdømme tredje året på rad

Nyleg presenterte EPSI Rating Norge si årlege kundeundersøking i bankbransjen. For tredje året på rad kjem Sparebanken Sogn og Fjordane ut med førsteplass på omdømme i undersøkinga.
– Det er sjølvsagt veldig stas å få førsteplassen på omdømme, og for oss blir det ei stadfesting på at vi gjer noko rett. EPSI-kåringa heng høgt nettopp fordi det er kundane som gir sine tilbakemeldingar på forskjellege bankar, seier kunderådgjevar Torbjørn Orheim som no er tilbake ved kontoret i Florø etter ein lengre pappapermisjon.
Eivind Nordvik Hauge meiner god service og at banken er synleg i lokalmiljøet, påverkar hans val.
– Sjølvsagt har pris noko å seie, og der synast eg Sparebanken Sogn og Fjordane er konkurransedyktige. Og så har det veldig mykje å seie at eg føler at dei bryr seg om meg, og ikkje minst at dei bidreg og gir tilbake her lokalt. Det legg eg merke til.
Han held fram:
– Eg har venner i Bergen som er kundar i Sparebanken Sogn og Fjordane fordi dei ein dag ønskjer å flytte tilbake hit, og vil vere kunde i ein bank som støttar lokalsamfunnet her, sjølv om dei endå ikkje har flytta heim, avsluttar Hauge.
Bli kunde du også
Ta ein prat med rådgjevaren din