Vi tilbyr aksjesparekonto i to variantar: Ein for aksjar og ein for fond. Du kan ta ut det investerte beløpet ditt skattefritt, for skatt blir det først når du vil ta ut gevinst/utbytte.
Fordelar med aksjesparekonto
- Med aksjesparekonto kan du kjøpe og selje aksjar og aksjefond utan å betale skatt på gevinsten der og då (utsett skatt).
- Du kan når som helst ta ut innbetalt beløp utan å skatte. Først når du tar ut gevinstar frå aksjesparekontoen, blir du skattlagd.
- Handle i børsnoterte aksjar, egenkapitalbevis, aksjefond og børshandla fond.
Kven passer aksjesparekonto for?
Kontoen er ikkje berre for avanserte aksjehandlarar, men passar også for deg som har aksjar, aksjefond eller eigenkapitalbevis, eller har planer om å starte langsiktig sparing.
Ting folk lurer på
meirennbank.no om aksjesparing

6 grunnar til at du bør ha ein Aksjesparekonto
Er du over 34 år har du forhåpentlegvis fylt opp BSU-kontoen, og kanskje også brukt og avslutta den. Men gode sparevaner bør du aldri slutte med, så no er det på tide å finne ei ny spareløysing som passar for akkurat deg og dine behov.