Skal du spare til pensjon, eit sabbatsår eller for å hjelpe barnet ditt inn på bustadmarknaden i framtida, så kan fond vere noko for deg. Har du ein sparehorisont på fem år eller meir, anbefaler vi deg å plassere pengane dine i fond.
Kvifor spare i fond?
Historisk sett har det gitt betre avkastning ved å plassere pengane i fond enn å ha dei ståande på ein bankkonto. Å investere i eit fond vil seie å investere i fleire selskap samtidig. Dette er då selskap som fondsforvaltarane våre vel ut og har trua på. Inne i fondsportalen vår finn du full oversikt over kva fond vi tilbyr og korleis desse har utvikla seg over tid.
Prat gjerne med oss om sparing
Har du spørsmål eller lurer kanskje på kva type sparing som passar for deg? Kontakt oss for ein prat. Du kan enkelt opprette spareavtalar sjølv, men det kan vere godt å ha nokon og sparre med før ein vel ulike fond og sparebeløp.
Har du allereie spareavtale, men vil endre på beløp eller trekkdato, kan du enkelt gjere dette via Norne, samarbeidspartnaren vår.
Fond i gåve
Her kan du velje mellom ei rekke av dei fonda vi tilbyr. Du kan velje mellom eit eingongsbeløp eller fast månadleg spareavtale. Spareavtala vil bli oppretta i namnet til den du vil gi gåve til.
NB! Både du og mottakar må vere kunde i banken. Dersom du vil opprette fond til eit barn, til dømes til dåp eller konfirmasjon, må fondet opprettast i ditt namn eller til ein av barnet sine foreldre.
NB! Både du og mottakar må vere kunde i banken. Dersom du vil opprette fond til eit barn, til dømes til dåp eller konfirmasjon, må fondet opprettast i ditt namn eller til ein av barnet sine foreldre.
Investorvern og kundeavtaler
Ting folk lurer på
meirennbank.no om fondssparing

Dette bør du gjere med fondssparinga di i urolige tider
Lisbeth Aasen Andersen er kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og ho gir deg gode tips til kva du no bør gjere med fondssparinga di.