Slik kjem du gang med fondssparing

Til deg som ikkje sparer i fond i dag, og lurer på kor du skal begynne. Her tar vi det steg for steg. Sjå ofte stilte spørsmål nedst på sida for forklaring på omgrep.

Bli fondskunde

  • Gå til sparing og velg «fond» i menyen i mobil- eller nettbanken
  • Vel «ny kunde» og følg stega


Opprett ein Aksjesparekonto (ASK)


I Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr vi sparing i aksjefond via fondsportalen Norne. Den finn du i både mobil- og nettbanken.
  • I fondsportalen opprettar du ein Aksjesparekonto (ASK) ved å klikke på «Opprett/flytt til ASK».
  • Velg om du skal opprette ein heilt ny konto, eller flytte beholdning frå anna bank.
  • Gi kontoen din eit namn, dersom du har fleire aksjesparekontoar og treng å halde oversikt.


Opprett spareavtale med fondssparing

Det er lurt å kome i gang med fast månadleg sparetrekk. Då går det automatisk eit fast beløp frå kontoen din inn i fondssparinga.
  • Klikk på «start spareavtale» på framsida i fondsportalen.
  • Vel kva aksjesparekonto det skal sparast til og gi sparinga eit namn.
  • I fondslista får du opp eit utval av fond du kan velje mellom. Dette er ei blanding av bransjefond, indeksfond, globale fond og nordiske fond. Går du til «tilgjengeleg på Aksjesparekonto (ASK)», får du opp alle dei fonda som er tilgjengeleg hos Norne til din Aksjesparekonto.
  • Klikk «velg» på det aktuelle fondet, og deretter «neste».
  • Vel det månadsbeløpet du ønskjer for sparinga di. Her vil det vere automatisk utfylt med 1000 kroner, men du kan sette dette beløpet både lågare og høgare, men alle fond har ei nedre grense på månadleg beløp som vil variere frå fond til fond.

Slik kjøper du fond med Aksjesparekonto– eingongsbeløp

I tillegg til fast spareavtale kan du sette inn eit større eingongsbeløp om du ønskjer det.
  • Gå til «kjøp fond» frå framsida i fondsportalen.
  • Når du har lista med fond framfor deg, klikkar du på handlekorga for å kjøpe det fondet du er interessert i.
  • Fyll ut kva konto du skal spare i, kva konto beløpet skal trekkast frå og kva eingongsbeløp du ønskjer å kjøpe for.
Dette er dei første stega på vegen til fondssparing. Er det noko meir du lurer, er det berre å ta kontakt med oss.

Logg inn og kom i gang med fondssparing
Kontakt oss

Ting folk lurer på