Pensjonist - har du byrja å smake på ordet? Åra går så fort, og snart er den livsfasen der. Før det må vi ta nokre viktige val, og då må vi skaffe oss oversikt over kva vi får i pensjon. Vil du trappe ned, eller slutte å jobbe som 62-åring, 65 eller 67?
Planlegg pensjonstida di
God planlegging er halve jobben, og start gjerne tidleg. Så kan du sjølv velje tidspunkt og alternativ for utbetaling av pensjon.
- Få oversikt
Sjekk kor mykje du kan forvente å få utbetalt. Sjå Norsk pensjon. - Vurder tidspunkt
Når du veit litt meir om kva du får utbetalt, er neste steg kor tid du vil starte pensjonistlivet. Kvart ekstra år du vel å jobbe, vil påverke den oppsparte pensjonen din.
Ulike måter å ta ut pensjon på
Fortsette å jobbe som no - Arbeidsgjevar sparer pensjonen din maks til du fyller 75 år.
Jobbe redusert - Arbeidsgjevar sparer vidare til pensjonen din i ny stillingsprosent, og du kan ta ut pensjon samstundes.
Ta ut pensjon og jobbe som no - Arbeidsgjevar sparer framleis til pensjonen din, og du får samstundes utbetalt oppspart pensjon.
Slutte å jobbe - pensjonist på heiltid - Utbetaling frå arbeidsgjevar startar vanlegvis frå 67 år, men du kan starte frå 62 år.