Har du foreldre eller andre nære som slit med å bruke nettbank, mobilbank og andre nettenester? Her er korleis du kan hjelpe dei på ein trygg og korrekt måte.

Bli disponent på andre sin konto

Vil du hjelpe ein som synast mobil- og nettbank er vanskeleg, er den vanlegaste løysinga å bli disponent på kontoen. Då får du tilgang til kontoen frå din eigen mobil- og nettbank og du kan betale rekningar med eigen BankID. Ryddig og enkelt.

Ein disponent kan:
  • Betale rekningar og overføre mellom kontoar
  • Få oversikt over konto og transaksjonar
  • Opprette nye betalingsavtalar i nett- og mobilbanken

Korleis blir du disponent?

  • Den som eig kontoen må legge deg til som disponent i mobil- eller nettbanken sin
  • Dette gjer du under kontoinnstillingar på den aktuelle kontoen
  • Begge må vere kunde i banken. Bli kunde her.
  • Har ikkje kontoeigar nettbank, må vedkomande kontakte kundesenteret vårt

Ikkje lån andre sin BankID

Vi minner om at BankID er personleg og ikkje skal delast med andre, ikkje ein gong med familiemedlemar. BankID er like juridisk bindande som personleg underskrift og skal difor berre brukast av den BankID er registrert på.

Dersom vi oppdagar at nokon brukar BankID til ein annan, har vi pålegg om å sperre BankID. Det kan skape problem, for det tar tid å rydde opp i.


Avtalegiro - god hjelp til faste betalingar

Det er både smart og enkelt å automatisere dei faste betalingane, slik at du slepp å passe på betalinga sjølv. Faste rekningar som straum, telefon og kommunale avgifter blir trekte automatisk frå konto på forfallsdato. Sjå meir og opprett Avtalegiro her.

Korleis få fullmakt hos offentlege etatar

Her kan du også få fullmakter på vegne av andre både for skattemeldinga, kommunikasjon med NAV og Helsenorge.no