Kundebehandlar Studentsenteret

Vi har no ledige deltidsstillingar som kundebehandlar på Studentsenteret vårt i Bergen. Er du god på kommunikasjon, ønsker å skape dialog og tillit og har godt humør, så er det kanskje deg vi er på jakt etter.
Studentsenteret har hovudansvar for oppfølging av kundar utan lån som er mellom 18 og 26 år. Målsettinga er å bygge positive relasjonar med kundane for å avdekke behov. Dette skjer gjennom oppfølging per telefon.
Arbeidsoppgåver
  • Kundepleie for eksisterande kundar over telefon
  • Innsal og møtebooking for lokalkontora
  • Sal og marknadsføring av banken sine tenester og produkt
  • Andre marknadsføringsaktivitetar
Personlege eigenskapar
  • Positiv lagspelar med gode samarbeidsevner
  • Utprega serviceinnstilling og god vurderingsevne
  • Proaktiv, strukturert og engasjert
  • Oppteken av å drive utvikling og skape resultat
  • Evne til å kommunisere tydeleg, og forstå behov i organisasjonen og hos kundane
  • Fortrinnsvis studentar som er tidleg i studieløpet
Vi tilbyr
  • Ei spennande og utfordrande stilling med god mogelegheit for personleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg
Deltidsstillinga er på 20%, med arbeid 5 timar på kveldstid (mellom kl 15.30 – 20.30) ein til to kveldar i veka.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
08.08.2022
Kontorstad:
Bergen
Kontakt:
Banksjef Torunn Steimler:
988 28 536
Teamleiar Anette Melheim Jensen:
412 55 670
Søk på stillinga
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.