Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke. No kan du få vere med på laget!
Søknadsfrist: 15.05.2022 

Vil du jobbe med næringslivet i Sogn og Fjordane?

Vi ser etter deg som ønskjer å skape gode resultat og lukkast med å gjere kundereisa god. Du er utviklingsorientert, og god på å sjå behov og finne dei riktige løysingane for kundane. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte

  • Skape gode kundeopplevingar gjennom rådgjeving og kredittbehandling
  • Rådgjeving og behovsretta sal av banken sine produkt og løysingar til bedriftskundar
Bedriftssenteret har utstrekt kundedialog med mange ulike oppgåver som vil bli løyst direkte for kundane. Dette gjer at ein har ein variert arbeidsdag med ulike arbeidsoppgåver.

Til stillinga søkjer vi deg som

  • har høgare økonomisk utdanning og gjerne relevant erfaring
  • er engasjert, initiativrik og resultatorientert
  • kan skape tillit og utvikle gode relasjonar til kundar og kollegaer
  • har kjennskap/interesse for næringslivet i regionen
Vi tek godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis og gode pensjons- og forsikringsordningar. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.

For meir informasjon om stillinga kontakt Helena Igelkjøn på tlf. 415 00 933.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.