Vi skal gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke. No kan du få vere med på laget!
Søknadsfrist: 15.05.2022
Kommuniserer du tydeleg, er engasjert, motivert, samt trivast med kundekontakt? Då har vi rette jobben for deg!
Kundesenteret vårt i Førde er i stadig utvikling og endring, og vi har no ledig både faste stillingar og vikariat.

Vi ser etter deg som ser kundane våre. Du kartlegg behova deira og finn dei riktige løysingane for dei. Som kollega er du ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du har høgare utdanning, eller solid erfaring frå relevant arbeid som kan vege opp for kravet til utdanning.

Arbeidsoppgåver

At kundane våre får hjelp i første kontakt med banken
  • Bidragsytar i arbeidet med å tilby gode løysingar for bank og kunde
  • Ansvar for oppfølging av kundar og utvikling av mål og servicegrad
  • Fokus på effektivisering og automatisering av interne prosessar i tett samarbeid med forretningsutvikling og lokalkontora våre
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Vi kan tilby ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis og gode pensjons- og forsikringsordningar. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Kontorstad: Førde

Har du spørsmål er du velkommen til å kontakte leiar på kundesenteret Stine Austreim Hermansen, tlf. 95926027

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.