Lyst til å jobbe hos oss?

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 54 milliardar kroner og 280 tilsette. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.
Vi kan tilby deg jobb innan mange ulike fagområde. Mellom anna kreditt og finansiering, sparing og plassering, elektronisk betalingsformidling, valuta og valutahandel. Vi kan også tilby deg jobb innan fintech, marknadsføring, eigedomsmekling, HR, økonomi- og risikostyring, IT og juss.

Ledige stillingar

StillingstittelSøknadsfrist
Konsulent IT Drift18.10.2020Sjå meir og søk
Open søknad2025Sjå meir og søk

Vi kan tilby

  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning.
  • Eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Ein arbeidsgjevar som tar samfunnsansvaret sitt på alvor, og har stort fokus på likestilling og likeverd blant sine tilsette.