Banksjef privatmarknad Sunnfjord

Søknadsfrist 03.10.2021
Sunnfjord er eitt av våre største kontor, og som banksjef får du ei sentral rolle i eit viktig område. Du får ansvar for å vidareutvikle banken sin posisjon og omdømme i eit viktig marknadsområde, ansvar for resultatoppnåing, kundelojalitet og kundetilfredsheit.
Avdelinga består av kompetente og engasjerte medarbeidarar som du skal leie og utvikle. Du er ein samlande leiar som er flink til å inspirere og motivere, og du skapar tillit og gode relasjonar til kundar og gode kollegaer. Vi ønskjer at du har stor gjennomføringskraft og gode kommunikasjonsevner.

Banksjef privatmarknad Sunnfjord rapporterer til direktør privatmarknad og kontorstad er Førde.

Er du kompetent og motivert, trivast med sal og leiing og kan skape tillit og gode relasjonar, er du kanskje den vi er på jakt etter.
Til stillinga søkjer vi deg som:
• Har høgare, relevant utdanning
• Er ein positiv lagspelar med gode leiareigenskapar
• Er utprega serviceinnstilt og med god vurderingsevne
• Er proaktiv, strukturert og engasjert
• Er oppteken av å drive utvikling og skape resultat
• Har evne til å kommunisere tydeleg, og har god forretningsforståing
Vi tilbyr
• Ei spennande og utfordrande leiarstilling med god moglegheit for personleg utvikling
• Eit godt arbeidsmiljø i ein innovativ og framtidsretta bank
• Ein utviklingsorientert organisasjon
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Løn etter avtale
Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte Linda Vøllestad Westbye, tlf. 976 72 504
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.