Banken har ledig stilling som fagansvarleg HR ved hovudkontoret i Førde. Søknadsfrist 11.04.2021.
Er du ein person som vil ta eigarskap til oppgåver og prosjekt innan organisasjons- og kompetanseutvikling? Trivast du med å arbeide med folk, vere ein rådgjevar eller coach for leiarar og tilsette? Er du god på kommunikasjon og å bygge relasjon og skape tillit, er du kanskje den vi er på jakt etter.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
  • Arbeide systematisk med organisasjons- og kompetanseutvikling. Ansvar for autorisasjonsordningane innanfor bransjen
  • Ha ansvar for rekrutteringsprosessar; annonse, rett involvering, intervju og tilsetting
  • Følge opp og rettleie tilsette og leiarar i ulike HR-oppgåver
  • Vere med å utvikle gode digitale læreplattformer og møteplassar
  • Delta i tverrfaglige prosjekt og arbeide tett opp mot ulike fagmiljø
  • Vere med å vidareutvikle bedriftskulturen, vere ein aktiv pådrivar til nye digitale konsept og kulturbyggande tiltak
  • Vere ein koordinator for ulike digitale og fysiske aktivitetar
Til stillinga søkjer vi deg som:
  • Har høgare utdanning, helst innan HR og organisasjonsutvikling
  • Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Kan skape tillit, gode relasjonar, er god på mellom-menneskelege forhold
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Har god digital kompetanse
  • Har god forretnings-og organisasjonsforståing
Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, høve til utvikling gjennom utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank.
Har du spørsmål om stillinga er du velkommen til å kontakte HR-direktør Eirik Rostad Ness, tlf 951 22 583.
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Banken er ein viktig aktør for området og har mykje fokus på bærekraft, likestilling, inkludering og mangfald.
StillingstittelSøknadsfrist
Marknadsførar11.04.2021Sjå meir og søk
Fagansvarleg HR11.04.2021Sjå meir og søk
Kunderådgjevar Stryn18.04.2021Sjå meir og søk
Open søknad2025Sjå meir og søk