Banken har ledig stilling som forsikringsrådgjevar på privatmarknad. Søknadsfrist 17.05.2021.
Sparebanken Sogn og Fjordane er medeigar i Frende forsikring og søkjer etter forsikringsrådgjevar som kan bidra til at vi når våre ambisiøse salsmål innan privatkundemarknaden. Kontorstad er Førde.
Er du motivert, trivst med sal og kan skape gode kundeopplevingar så er du kanskje den vi er på jakt etter?
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
  • Sal, rådgjeving og vedlikehald i personkundemarknaden
  • Medansvarleg for aktivitet, sal og bestandsutvikling på livs- og skadeforsikring
  • Bidra til å skape gode relasjonar i organisasjonen internt og eksternt.
Til stillinga søkjer vi deg som:
  • Har høgare utdanning og/eller relevant erfaring.
  • Er engasjert, initiativrik og er utprega sals- og serviceinnstilt.
  • Kan skape tillit, gode og langsiktige relasjonar
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er handlekraftig, resultatorientert og målretta
Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er eit triveleg arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver, konkurransedyktig løn og ei god pensjonsordning.
For informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar Tor Ulsten på telefon 90 86 97 04
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Banken er ein viktig aktør for området og har mykje fokus på bærekraft, likestilling, inkludering og mangfald.
StillingstittelSøknadsfrist
Kunderådgjevar Førde17.05.2021Sjå meir og søk
Open søknad2025Sjå meir og søk