Med næringslivet som arbeidsoppgåve

Håvard er rådgjevar på bedriftsmarknad, og han er ikkje i tvil om kva han likar best med jobben sin. – Det kjekkaste er å sjå når bedriftene lukkast.
Håvard Hagen jobbar på bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, og sit på hovudkontoret i Førde. Han er ein av rundt 30 tilsette som jobbar mot bedriftskundane i Sogn og Fjordane. Banken har eit utlån på rundt 14 milliardar til næringslivet, og rundt 6 av 10 aksjeselskap her er kundar i banken.
– Som kundeansvarleg på bedriftsmarknad er ein med å finne løysingar til lokalt næringsliv. Å sjå at vi lukkast med å skape og oppretthalde lokal aktivitet gjev denne jobben meining, seier Håvard.

Både kjekt og utfordrande

Den største motivasjonen i jobben får Håvard når bedriftene i regionen lukkast i satsinga si. 
– Det er veldig inspirerande å sjå at prosjekt ein har vore med å finansiere lukkast. Dette kan vere alt i frå store byggeprosjekt til mindre aktørar som gjer ein stor forskjell der dei er, seier han.
– Korleis ser ein vanleg arbeidsdag som bedriftsrådgjevar ut?
– Arbeidsdagen består av ein del kundekontakt, ofte med ulike problemstillingar som må løysast. Eg sit ein del på kontoret, men det er også rom for å reise ut til kundar. Eg har ansvar for å forvalte kundeportefølja mi og vere ei støtte i kredittsaker innanfor bransjen eg har ansvar for. Kredittarbeid står for hovudtyngda av arbeidsoppgåvene. Det kjem stadig nye problemstillingar og oppgåver som gjer jobben både kjekk og utfordrande.

– Meiningsfullt arbeid

Hagen har jobba i banken i 4 år, og trivast veldig godt der.
– Banken er ein fin plass å vere, ein stor og trygg arbeidsplass med eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer. Det er viktig for meg at jobben er meiningsfull og at eg i stor grad får vere med å påverke. God takhøgde med låg avstand til leiing gjev rom for akkurat dette. Eg har ein variert arbeidskvardag, og meiningsfylt arbeid for lokalsamfunnet gjer banken til eit godt alternativ på arbeidsmarknaden her og ein bra stad for meg, meiner Hagen.

FAKTA OM HÅVARD:

Namn: Håvard Hagen
Alder: 36
Stilling: Kunderådgjevar bedriftsmarknad, bransjeansvarleg eigedom
Fartstid i banken: 4 år
Utdanning: Master i rekneskap og revisjon frå NHH
Fritidssyssel: Småbarnslivet tek ein del av tida med to gutar på 3 og 5 år, litt trening og fjellturar når det let seg gjere. Om anledninga byr seg bryggar eg gjerne øl, skrur på nokre maskiner eller tek ein tur med motorsykkelen.

Vil du jobbe hos oss?

Sjekk ut alle stillingsannonsene våre – og bli kjent med fleire av våre tilsette.
Sjå dei ledige stillingane