Jobbar for å gjere kvardagen enklare

Helene jobbar med å forbetre banken sine digitale kanalar – både til det beste for kundane og tilsette.
– Det er kjekt å kunne bruke den kreative delen av seg sjølv i arbeidsdagen. Å finne løysingar som betre driftar banken og samstundes gjer kvardagen enklare for kundane og kollegane er ein faktor som motiverer meg med jobben min.
Det seier Helene Francis, som jobbar som konsulent for digitale kanalar og personmarknad.

Jobbar i Bergen

Jølstringen flytta til Bergen i 2012 for å ta utdanning, og etter å ha fullført økonomi og administrasjonen på BI jobba ho som lærar i Bergen. I 2019 dukka eit vikariat på Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Bergen opp, og den vart landa.
Denne jobben hadde Helene fram til hausten 2021 då ho gjekk over til dagens jobb.
– Det er ingen dag som er lik i denne jobben, og mykje av kvardagen min på jobb går på å sjå behov og moglegheiter for betring av dei digitale kanalane på tvers av avdelingane, forklarer Helene.

– Samarbeidet fungerer svært godt

Og det å jobbe på tvers av avdelingar er noko ho er blitt vant med, og trivast godt med. Helene har framleis kontorplassen sin i Bergen, men dei aller fleste andre på avdelinga hennar sit i Førde.
– Det fine med å jobbe med ulike avdelingar i banken er at ein får sjå mykje av det gode arbeidsmiljøet. Ein blir teke veldig godt imot på dei forskjellige avdelingane og fagområda. Sjølv om eg ikkje sit på same plassen som dei eg arbeider tettast med, så fungerer samarbeidet svært godt og eg føler meg inkludert i dei forskjellige avdelingane, seier Helene.

FAKTA OM HELENE:

Namn: Helene Francis
Alder: 28
Stilling: Konsulent digitale kanalar og personmarknad
Fartstid i banken: Sidan mai 2019
Utdanning: Bachelor i økonomi og administrasjon
Fritidssyssel: Over gjennomsnittet glad i trening

Vil du jobbe hos oss?

Sjekk ut alle stillingsannonsene våre – og bli kjent med fleire av våre tilsette.
Sjå dei ledige stillingane