Tryggar kunden for framtida

Ina er forsikringsrådgjevar, og jobbar kvar dag for å sikre at kundane er godt rusta gjennom livet.
Ina Matre Nedberge (30) er forsikringsrågjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, som tilbyr Frende Forsikring til kundane sine. Ho jobbar på hovudkontoret i Førde, og har 7-8 forsikringskollegaer på dei ulike kontora til banken.
– Å vere forsikringsrådgjevar er ein sosial og fin jobb. Det beste med jobben min er når kunden går ut frå oss og føler seg tryggare i møte med framtida. Forsikring er til for å hjelpe deg når noko har gått gale, og det viktigaste for meg er å vite at kunden min har dei beste forutsetningane for å møte dei ulike utfordringane vi alle kan møte i løpet av livet, seier Ina.

– Mykje kundekontakt

– Korleis ser ein vanleg arbeidsdag som forsikringsrådgjevar ut?
– Eg brukar mykje av tida mi på å vere i kontakt med kundane mine, og jobbar også tett saman med bankrådgjevarane for å finne nye kundar å jobbe på. I tillegg har eg også forsikringsgjennomgangar og rådgjevningmøter med nye potensielle kundar.

Trivast med eit tverrfagleg miljø

Sparebanken Sogn og Fjordane har 270 tilsette på 14 ulike kontor i Vestland fylke. Dei siste fire åra har banken tilsett over 100 nye medarbeidarar, og Ina er ei av desse. Ho starta i banken i 2018. 
– Eg trivast i banken av mange grunnar. Både fordi eg er omgitt av kjekke og dyktige kollegaer og fordi banken er ein stor arbeidsplass med mange ulike fagmiljø. Det gjev rom for mykje tverrfagleg jobbing, noko eg syns er veldig kjekt. Banken er og ein stor viktig samfunnsinstitusjon i regionen her, og det gjer meg stolt at eg er ein del av den.

FAKTA OM INA:

Namn: Ina Matre Nedberge
Alder: 30
Stilling: Forsikringsrådgjevar
Fartstid i banken: Sidan 2018
Fritidssyssel: Med tre ungar flyg dagane. Eg likar meg godt ute, både i havgapet og i skogen. Aller best har eg det når eg er saman med familien min og venene mine.