– Kjekt å utgjere ein forskjell

Ingri Martine er berekraftsansvarleg hos Sparebanken Sogn og Fjordane. – Det er veldig kjekt å få vere med og utgjere ein forskjell både for kundar, tilsette og lokalsamfunnet rundt oss.
Då banken i 2020 skulle tilsette ein berekraftsansvarleg, var ikkje Ingri Martine Fonn Macsik frå Førde i tvil. Den jobben ville ho ha – og den jobben vart hennar.
– Det er utruleg spennande å arbeide i ein organisasjon som er ei drivkraft i regionen vår. Det å sjå kor stor rolle det har å seie at vi er her og støttar opp under små og store prosjekt, er veldig motiverande. Og så er det veldig kjekt å arbeide i ei bedrift med så stor fagleg breidde, at ein kan arbeide på tvers av fagfelt og lære noko nytt heile tida, seier Ingri Martine.

Jobbar mykje på tvers

Og akkurat det Ingri Martine nemner der – å jobbe på tvers av fagfelt – er noko ho har fått testa i stor grad sidan ho begynte i jobben som berekraftsansvarleg.
– Dagane mine er veldig varierte. Eg jobbar på tvers av mange avdelingar, og er både med i og leiar fleire prosjekt. Eg jobbar mykje med interne tiltak i banken, samstundes som at eg får vere med å jobbe med kundane våre og samarbeidspartnarar eksternt, seier Ingri Martine.
Ho held fram:
– Sparebanken Sogn og Fjordane har signert fleire initiativ innanfor berekraft, der vi har forplikta oss til ein del prinsipp, og vi jobbar heile tida med å bli endå betre. Det er veldig kjekt å få vere med og utgjere ein forskjell både for kundar, tilsette og lokalsamfunnet rundt oss.

– Trygt arbeidsmiljø

Ingri Martine var allereie godt kjent i banken då ho starta i sin noverande jobb. For då ho saman med familien flytta frå Bergen til Førde i 2018, var det til jobben som økonomikonsulent i banken.
– Eit av kriteria mine då vi flytta var at eg ville jobbe i ei litt stor bedrift, og med bachelor i økonomi så var så klart bank veldig interessant.
– Med ein gong eg starta her merka eg at her var det eit veldig varmt og trygt arbeidsmiljø. Eg vart tatt med på ei presentasjonsrunde første dagen, og fekk helse på og sjå kvar alle dei forskjellige avdelingane heldt til. Dette førte til at det ikkje var så skummelt å gå og setje seg i kantina første veka. For då hadde eg jo allereie blitt kjent med mange, seier Ingri Martine.

FAKTA OM INGRI MARTINE:

Namn: Ingri Martine Fonn Macsik
Alder: 35
Stilling: Berekraftsansvarleg
Fartstid i banken: Sidan desember 2018
Utdanning: Bachelor i økonomi og administrasjon frå Høgskulen på Vestlandet
Fritidssyssel: Eg er veldig glad i å sy, og er så heldig at eg har fått innreia mitt eige syrom i huset. Og så elskar eg å sjå teater.

Vil du jobbe hos oss?

Sjekk ut alle stillingsannonsene våre – og bli kjent med fleire av våre tilsette.
Sjå dei ledige stillingane