Konsulent på IT Drift

Vi har ledig stilling som IT driftskonsulent. Søknadsfrist 18. oktober.
Sparebanken Sogn og Fjordane er eit konsern i kontinuerleg vekst og med ambisiøse målsetjingar. Avdelinga IT Drift spelar ei sentral rolle i banken, og vi søker etter medarbeidar som IT driftskonsulent.
Arbeidsoppgåver vil i hovudsak omfatte:
• Bidra i utvikling av Zero Trust Security policy
• Bidra i vedlikehald og vidareutvikling av skytenester i Microsoft Azure
• Systemansvar for Microsoft SQL
• Preventivt vedlikehald, feilsøke hendingar og løyse problem
• Leiing eller deltaking i prosjekt innanfor aktuelle fagområde
• Delta i risiko- og sårbarheitsanalyser
• Jobbe aktivt med eigen kompetanseutvikling og kunnskapsdeling i teamet
Stillinga kan bli utvida til andre område, og gjerne i høve til kompetanse/interesse.
Elles vil personen måtte ta del i:
• 2. linje-support innan ansvarsområde
Til stillinga ser vi etter ein person med følgande kvalifikasjonar:
• Brei kunnskap på Microsoft-produkt, men spesielt innan sikkerheit og skytenester.
• Relevant utdanning innan IKT.
• Er nøyaktig og kan arbeide sjølvstendig og i team
• Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Kreativ med omsyn til å kunne sjå nye løysingar
• Taklar eit til tider høgt tempo
Vi tilbyr:
• ei utfordrande stilling i ein bransje i sterk IT-utvikling
• lønn etter avtale og fri pensjonsordning
• gode ordningar for vidareutvikling
• bedriftshytteordning
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte Knut Ove Grodås (951 98 434) eller Cathrin Iren Barstad (959 09 264).
StillingstittelSøknadsfrist
Konsulent IT Drift18.10.2020Sjå meir og søk
Open søknad2025Sjå meir og søk