IT-konsulent

Sparebanken Sogn og Fjordane er eit konsern i kontinuerleg vekst og med ambisiøse målsettingar. IT-drift spelar ei sentral rolle i banken, og vi søker deg som ønsker ei utfordrande stilling i ein bransje i stor utvikling innan IT.
Arbeidsoppgåver vil i houvudsak omfatte drift av banken sin IKT infrastruktur. Vi har stort fokus på klientleveranse (Windows og MacOS). Du må medverke til support mot banken sine tilsette, og du vil få høve til å delta i interne forum og prosjektarbeid. Høyrest dette ut som noko for deg? 
Vi søker deg som
  • Har god kjennskap til Microsoft Azure og Microsoft 365
  • Har kjennskap til Exchange Online
  • Er ein dyktig lagspelar, men også har stort driv og engasjement i sjølvstendig arbeid
  • Er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Trivast i eit til tider høgt tempo
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Avdelinga jobbar i eit fagfelt i stadig utvikling og endring - og vi legg til rette for kompetanseheving.
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
28.09.2022

Kontakt:
Teknologidirektør Reiel Haugland:
419 27 905
Leiar IT Cathrin Iren Barstad:
959 09 264
Søk her
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.