Jill skapar samarbeid mellom avdelingane

– Det kjekkaste, og kanskje noko av det mest utfordrande med jobben min, er å finne løysingar på vanskelege oppgåver saman med kollegane mine, seier Jill.
Jill Aasen Hole er forretningsutviklar i Sparebanken Sogn og Fjordane, noko ho har vore sidan hausten 2019. Enkelt sagt er den viktigaste oppgåva hennar å koordinere og skape samarbeid mellom dei ulike avdelingane i banken.
– Det gjer eg og mange andre gjennom å vere prosjektleiarar, delta i ulike forum og ta på oss tverrfaglege oppgåver som ikkje har ein klar eigar, forklarer Jill.

Slik hamna ho i banken

Gjennom Framtidsfylket var Jill trainee i Coast Seafood i Måløy, og då vart ho kjent med tre andre traineear som jobba i banken. I tillegg vart ho kjent med han som no er sambuaren hennar, som er frå Jølster. Jill sjølv er frå Åheim.
– Då vi skulle flytte saman sto valet mellom Måløy og Førde, og valet enda på Førde. Eg hadde fått eit godt inntrykk av banken gjennom dei tre traineeane eg vart kjent med, og etter om lag seks månader leiting dukka ei spennande stilling i banken opp. Eg fekk ikkje akkurat den jobben, men eg fekk tilbod om den stillinga eg har no, seier Jill og legg til:
– Meir heldig kunne eg ikkje ha vore!

– Kan seie i frå når eg ikkje er einig

I Sunnfjord har sunnmøringen funne seg godt til rette, og det har ho også gjort i banken. Jill seier ho gler seg kvar dag til å gå på jobb, og at det er enkelt å spørje kollegaer om det meste.
– Det gjeld både dei eg jobbar saman med ofte, og dei som eg ikkje har snakka så mykje med tidlegare. Eg føler meg også trygg på at eg kan seie i frå når eg ikkje er einig med kollegaer og leiarar. Eg set også stor pris på at kollegane mine tek i eit ekstra tak når det trengs, seier Jill.
– Mangfaldet i dei tilsette sin bakgrunn, erfaring og kompetanse gjer at eg blir utfordra på meiningane mine, og vi har gode, faglege diskusjonar.
I tillegg til det Jill nemner her, så trekker ho fram sosiale innslag med både avdelinga si, og banken elles, som viktige faktorar for det gode arbeidsmiljøet ho meiner det er i banken.

Mange ulike oppgåver

Sjølve arbeidsdagen startar med at Jill går gjennom «To do» for å førebu seg til dagens gjeremål og møter i dei ulike prosjekta ho leiar og deltek i. I tillegg er Jill involvert i strategiprosessen, har opplæring i prosjektmetodikken i banken og har ansvar for å halde prosjektmalar oppdatert.
Ho har med andre ord mange forskjellige arbeidsoppgåver.
– Det kjekkaste, og kanskje noko av det mest utfordrande med jobben min, er å finne løysingar på vanskelege problemstillingar saman med kollegane mine. Det er fantastisk kor mykje vi får til når kollegaer med ulik kompetansen og erfaring jobbar saman for å finne løysingar.

FAKTA OM JILL:

Namn: Jill Aasen Hole
Alder: 28
Stilling: Forretningsutviklar
Fartstid i banken: Sidan november 2019
Utdanning: Sivilingeniør i industriell økonomi og teknologiledelse
Fritidssyssel: Gå tur på fjellet eller på ski, trene styrke og crossfit, strikke og sy.

Vil du jobbe hos oss?

Sjekk ut alle stillingsannonsene våre – og bli kjent med fleire av våre tilsette.
Sjå dei ledige stillingane