Konsulent Kreditt

Vi har ledig stilling som konsulent på kredittavdelinga vår.
Sparebanken Sogn og Fjordane har 60 milliardar i utlån og er den niande største sparebanken i Norge. Kredittavdelinga har i dag 8 tilsette og har ansvar for utarbeiding av rammeverk og regelverk for kredittarbeidet i banken. Vi er ansvarlege for tilrettelegging av kredittsystem, kontroll og intern rapportering. Avdelinga skal gi opplæring, råd og støtte til kredittarbeidet i banken.
Vi søkjer etter ein person som kan jobbe i skjeringspunktet mellom kredittsystem, arbeidsprosessar og digitalisering.

Arbeidsoppgåver:

Som konsulent på kreditt vil du jobbe tett med systemansvarleg og fagansvarleg kreditt, der ditt hovudfokus vil vere retta mot analyse og arbeidsprosessar. Du skal ha eit særleg fokus på digitalisering og auka automatisering i tillegg til å jobbe inn mot rutinar og kontroll. Du vil også delta i prosjekt samt vere ein viktig bidragsytar til utvikling av kredittområdet og nye systemløysingar.

Eigenskapar og kompetanse

  • Høgare utdanning, gjerne innan økonomi, men anna relevant utdanning kan også vere aktuelt
  • Sterk analytisk og med god kunnskap i excel. God evne til å handtere store datasett
  • Evne til målretta og systematisk arbeid
  • Fordel med erfaring frå kredittarbeid og/eller kjennskap til banken sine kundesystem
  • Kan arbeide sjølvstendig, i team og på tvers av fagmiljø
  • Er nøyaktig og strukturert
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Arbeidsstad: Førde
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte kredittsjef Gro Skrede Mardal, tlf. 481 67 094

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
08.12.2022

Kontorstad:
Førde

Kontakt:
Kredittsjef Gro Skrede Mardal:
481 67 094
Søk her
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.