Konsulent økonomisk kriminalitet

Har du lyst til å bidra til å nedkjempe økonomisk kriminalitet? Er du analytisk og brenn for gode prosessar? Som eit ledd i å styrke vår satsing i dette arbeidet ser vi no etter konsulent for økonomisk kriminalitet for bedriftsmarknad.
Stillinga vil bli tilpassa til aktuell søkar. Som konsulent økonomisk kriminalitet vil du vere ein del av avdelinga for økonomisk kriminalitet, som høyrer til under avdeling for Forretningsstøtte. Denne stillinga vil arbeide i tett i samspel med bedriftsmarknad, samt banken sine andre fagavdelingar. Banken sitt arbeid mot økonomisk kriminalitet, inkluderer kvitvasking og terrorfinansiering, handtering av svindel og sanksjonar.
Ein sentral del av stillinga vil vere å førebygge, avdekke, utgreie og rapportere økonomisk kriminalitet for å sikre at banken til ei kvar tid er tilpassa gjeldande krav og endringar i relevante regelverk. Er du utviklingsorientert og trivast med å løyse komplekse problemstillingar i lag med eit kompetent team - då er dette rette jobben for deg!
Vi søker deg som
  • har høgare utdanning, gjerne som jurist eller økonom, men anna relevant utdanning kan også vere aktuelt
  • har interesse for og erfaring frå arbeid med nedkjemping av økonomisk kriminalitet. Erfaring gjerne frå bank/finans, kriminaletterforskning eller tilsynsmyndigheit. Anna relevant erfaring kan også vere aktuelt
  • er strukturert, har sterk drivkraft og god gjennomføringsevne
  • evnar å kommunisere godt og tydeleg, både på norsk og engelsk
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis samt gode pensjons- og forsikringsordningar. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
26.09.2022

Kontorstad:
Førde, fleksibel heimekontorløysing

Kontakt:
Direktør Forretningsstøtte Silje Sunde:
924 23 472
Søk her
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.