Kundebehandlar på studentsenteret vårt i Bergen
Er du student i Bergen og på leit etter deltidsjobb?
Vi har no ledig deltidsstilling som kundebehandlar på Studentsenteret vårt i Bergen. Er du god på kommunikasjon og ønsker å skape dialog og tillit – då ser vi etter deg!
Studentsenteret har hovudansvar for oppfølging av kundar utan lån som er mellom 18 og 26 år. Målsettinga er å bygge positive relasjonar med kundane gjennom å avdekke behov. Dette skjer gjennom oppfølging per telefon.
Arbeidsoppgåver:
- Kundepleie på eksisterande kundar
- Innsal og møtebooking for lokalkontora
- Sal og marknadsføring av banken sine tenester og produkt
- Andre marknadsføringsaktivitetar og interne oppdrag
Vi ser etter deg som har desse personlege eigenskapane:
- Positiv lagspelar med gode samarbeidsevner og godt humør
- Utprega serivceinnstilling og god vurderingsevne
- Proaktiv, strukturert og engasjert
- Oppteken av å drive utvikling og å skape resultat
- Evne til å kommunisere godt og tydeleg
Vi ser fortrinnsvis etter studentar som er i begynnelsen av studieløpet.
Vi tilbyr:
- Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer som vil ta godt i mot deg
Deltidsstillinga er på 20%, med arbeid 5 timar på kveldstid (mellom 15.30 - 20.30) to kveldar i veka.
Har du spørsmål er du velkommen til å kontakte teamleiar Krister Smaadal, tlf 403 00 941 eller banksjef Torunn Steimler, tlf 988 28 536.