Kunderådgjevar Bedriftssenter
Ønsker du ein arbeidsplass med engasjement og lokal forankring?
Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke. No kan du få vere med på laget!
Vi ser etter deg som ser kundane våre. Du er serviceinnstilt, ekspeditt og kartlegg behov for å finne dei riktige løysingar for kunden. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du er engasjert, initiativrik og resultatorientert, og du gjer kundereisa god. Du har kjennskap/interesse for næringslivet i regionen. Som kollega er du ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du har høgare utdanning, eller solid erfaring frå relevant arbeid som kan vege opp for kravet til utdanning.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere
- Skape gode kundeopplevingar gjennom rådgjeving og kundebehandling
- Rådgjeving og behovsretta sal av banken sine produkt og løysingar til bedriftskundar
- Kundestøtte via telefon, e-post og chat
Bedriftssenteret har utstrekt kundedialog med mange ulike oppgåver som vil bli løyst direkte for kundane. Dette gjer at ein har ein variert arbeidsdag med ulike arbeidsoppgåver.
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
For meir informasjon om stillinga kontakt Helena Igelkjøn på tlf. 415 00 933