Banken har ledig stilling som kunderådgjevar privatmarknad ved kontoret i Førde. Søknadsfrist 24.05.2021.
Er du kompetent og motivert, trivast med sal og kan skape tillit og gode relasjonar er du kanskje den vi er på jakt etter.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
  • Finansiell rådgjeving og kundeservice
  • Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
  • Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester
Til stillinga søkjer vi deg som:
  • Har høgare utdanning og interesse for økonomi
  • Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Kan skape tillit, gode relasjonar
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er Autorisert Finansiell Rådgjevar, eller ønskjer å bli det
  • Har solid vurderingsevne og er trygg i relasjon med kunde
Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, høve til utvikling gjennom utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø i ein innovativ og framtidsretta bank.
Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte Elin Aaland på telefon 951 23 222
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Banken er ein viktig aktør for området og har mykje fokus på bærekraft, likestilling, inkludering og mangfald.
StillingstittelSøknadsfrist
Kunderådgjevar Førde17.05.2021Sjå meir og søk
Open søknad2025Sjå meir og søk