Kunderådgjevar på Kundesenteret

Søknadsfrist: 15.08.2021
Banken har no ledig spennande stillingar som kunderådgjevar privatmarknad på kundesenteret vårt i Førde.
Kundesenteret er i stadig utvikling og endring, og vi har no ledig både faste stillingar og vikariat.
Er du kompetent og motivert, trivst med kundepleie og kan skape tillit og gode relasjonar er du kanskje den vi er på jakt etter?
Personlege eigenskapar
• Høgare, relevant utdanning
• Positiv lagspelar med gode samarbeidsevner
• God kjennskap til prosessar i banken og prosjekt
• Utprega serviceinnstilt og med god vurderingsevne
• Proaktiv, strukturert og engasjert
• Oppteken av å drive utvikling og skape resultat
• Evne til å kommunisere tydeleg, og forstå behov i organisasjonen og hos kundane
Arbeidsoppgåver
• Vere med å sikre at kundane våre får hjelp i første kontakt med banken
• Innovativ haldning og bidra i arbeidet med å tilby gode løysingar for bank og kunde
• Ansvar for oppfølging av kundar og utvikling av mål og servicegrad
• Fokus på effektivisering og automatisering av interne prosessar i tett samarbeid med forretningsutvikling og lokalkontora våre
• I stillinga vil det bli kravd autorisering eller at ein ønskjer å ta dette.
Vi tilbyr
• Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling.
• Løn etter avtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg
Kundesenteret har utstrakt kundedialog med mange ulike oppgåver som vil bli løyst direkte for kundane. Dette gjer at ein har ein variert arbeidsdag med ulike arbeidsoppgåver.
Har du spørsmål er du velkommen til å kontakte leiar på kundesenteret Stine Austreim Olsen, tlf. 95926027
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.